
Både Roger og Jan Roger Andersson har i løpet av sommarens overgangsvindauga meldt overgang til Stord BTK. Begge har vore svært sentrale spelarar i klubben vår sidan dei meldte overgang frå nettopp Stord BTK i 2016. Begge var med på reisa vår frå 3. divisjon til eliteserien med førstelaget, og dei har begge vunne NM-medaljar og stått for andre sterke prestasjonar som HBTK-spelarar. Sjølv om Roger og Jan Roger melder overgang til Stord BTK vil dei framleis stilla opp som sparring i Hardanger BTK, noko me er svært glade for!
Kestutis Barauskas har i løpet av sommaren flytta til Sandnes. Han kjem til å melda overgang til ein av klubbane i området, men det er ikkje avklart kva klubb det vert. Kestutis var vår soleklare einar på 4. divisjonslaget, og har også bidrege med sterke resultat på stemne.
Kjetil Sætre har meldt overgang tilbake til Figgjo IL. Han var sentral på laget vårt som tok bronsemedaljar under NM for veteranar på Stord i vår.
Me takkar spelarane for flott innsats i klubben vår, og ynskjer dei lukke til vidare!
Jack Feng fortset som HBTK-spelar, men kjem til å spela seriespel på utlån til Bergen PIL i 2. divisjon. Broren Simon Feng fortset også som HBTK-spelar. Me håpar å få mykje glede av begge både som spelarar og lagleiarar under stemne.
Som ein konsekvens av overgangane har Hardanger BTK trekt laga våre i 1. og 3. divisjon. Me ser fram til ein spennande sesong i 4. og 5. divisjon, og kjem elles til å prioritera oppfylging av yngre spelarar under stemne.