Svært vellukka tur til Litauen!

Framfor rådhuset i Naujoji Akmenė

Hardanger BTK gjennomførte sist veke ein svært vellukka tur til Naujoji Akmenė i Litauen! Åtte ungdomar og fire vaksne var med på turen. Dei unge var Levi Mong, Sandar Lyssand, Kristoffer Fonnaland, Nathalie Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal, Jardar Fykse, Liam-Amir Jamal og Felix van der Leest. Dei litt eldre var Kjersti Hanssen, Hege Dale, Jan Visser og Håvard Markhus. Me reiste til Litauen tysdag 08. august og kom heim laurdag 12. august.

Turen starta med bil til Flesland og deretter med fly til Riga i Latvia. Ein av oss var ikkje nøgd med å sitja i eit vanleg flysete, og tok heller turen fram i cockpit… Vel framme i Riga vart me henta av representantar frå Akmenė «Mažoji raketė» BTK – med Lorenas Vismantas i spissen. Med minibuss tok me turen over grensa til Litauen. To timar seinare var me framme i Naujoji Akmenė og tok inn på hotellet me skulle bu på heile veka.

Onsdagen var me først på rådhuset i byen. Der stilte blant anna borgarmeisteren, to viseborgarmeistrar, kommunikasjonssjefen og ikkje mindre enn tre fotografar… Me vart nærmast mottekne som kongelege, vart vist rundt på rådhuset og mottok gåver i kommunestyresalen. Me hadde heldigvis førebudd oss litt, og kunne gje både saft og syltetøy frå Hardanger i retur. Etterpå gjekk turen til biblioteket. Der presenterte dei to klubbane seg for kvarandre. Levi og Gustav hadde ein veldig flott presentasjon på vegne av vår klubb, så no kan vonleg våre litauiske vener svara på kven som er statsminister i Noreg samt namnet på minst ein foss ein kan gå bak neste gong dei vert spurt om noko slikt på ein quiz. Seinare på dagen var det trening – både for ungdomar og vaksne.

Torsdagen var me på tur til Palanga. Etter ein vel to timar lang busstur med ein sjåfør som visste kvar gassen var, fekk me omvising i delar av byen og på eit museum. Deretter var det tid for blant anna minigolf og krasjebilar. På veg heim var me innom ein stilfull vinterhage, der fleire av oss oppsøkte nærkontakt med skjelpadder.

Fredagen starta med ei vitjing på besøkssenteret til ein regionalpark. Om ettermiddagen var det klart for ei turnering der me hevda oss veldig godt! Les meir om turneringa i eiga sak.

Laurdagen vitja me først ei kalksteingruve. Deretter var det tid for bading og andre aktivitetar ved ein flott innsjø. Eigentleg skulle me ha bada i Palanga dagen før, men der vart badinga på dei flotte sandstrendene stoppa av høge bølger, raude flagg og strenge vakter. At me no likevel fekk tid til bading nokre timar før heimreise var kjekt for mange. Best var det kanskje likevel for klubbens leiar, som hadde lova å kjøpa is til alle om han ikkje bada under opphaldet i Litauen. Vel tilbake på hotellet oppsummerte me turen i samband med lunsjen. Nokre timar seinare tok me turen heim att via same reiserute.

Me fekk mykje god mat medan me var i Litauen. Me åt både kjende og ukjende rettar. At maten var rosa var eit typisk teikn på at maten var litauisk. Ikkje alle likte rosa mat like godt, men nokon likte også denne. Uansett var me totalt sett veldig godt nøgde også med maten!

Bakgrunnen for at me reiste på denne turen var kontakten me fekk med Akmenė «Mažoji raketė» BTK etter at Kestutis Barauskas flytta til Norheimsund. Kestutis var tidlegare trenar i den lituaiske klubben. No har diverre Kestutis flytta til Sandnes, men me reknar med å halda kontakten både med Kestutis og hans tidlegare klubb i Litauen!

Det er første gongen klubben har reist på ein slik tur, men me håpar og trur at det ikkje vert siste! Takk til alle som var med på turen for eksemplarisk oppførsel og for at alle bidrog til at det vart ein kjekk tur med god stemning! Me takkar også våre vener i Akmenė «Mažoji raketė» BTK!

NB. Under ser du nokre bilete frå turen. Mange fleire bilete finn du her.

HBTK-medlemene tok plass i kommunestyresalen som æresgjester.
Kjersti overrekte gåver frå klubben vår.
Levi og Gustav presenterte HBTK, Hardanger og Noreg.
Oppvarming før treninga
Frå treninga
Minigolf i Palanga
Seks habile sjåførar samla på eitt bilete
Typisk rosa mat
Skjelpaddeinspisering i vinterhagen
Avslapping…
Hege og Kjersti deler ut fleire gåver
Felix på pallen under turneringa
Reportasje om turen vår i lokalavisa
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.