Vellukka tur til Mega Cup!

Hardanger BTK stilte i helga med to deltakarar i Mega Cup i Lørenskog. Med rundt 300 deltakarar er dette den største turneringa i landet, og spelarar frå fleire land deltek. Jack og Simon Feng var våre deltakarar. Det beste resultatet oppnådde Simon, som vart nummer tre i open moro. I denne klassen deltek spelarar i alle aldersgrupper, og ein startar med handicap etter alder og ranking. Simon vann mange kampar, før han til slutt måtte gje tapt for ein svensk motstandar i semifinalen.

I dei andre klassane Simon deltok i vann han kampar,  men rauk ut med knappast mogleg margin i puljespelet. Broren Jack kom til andre runde i gutar 14. I gutar 13 og gutar 15 gjekk han vidare frå puljespelet og vart nummer sytten. Me kan vera godt nøgde med resultata til våre spelarar i ei turnering med høgt sportsleg nivå!

Elles så budde me saman med Bergen HIL og Sportsklubben Heros på Haraldsheim Vandrarhjem og hadde ei fin helg i Oslo med sol og sommar! Det vart også tid til mellom anna grilling, McDonalds og tur rundt Sognsvann. Dette var med andre ord ein vellukka tur både sportsleg og sosialt!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.