Info om oppvekstkonferanse og treningar

Denne veka arrangerer Kvam herad oppvekstkonferanse. Denne fører til nokre endringar i våre treningstider. Desse har me informert om tidlegare, men me gjentek endringane her.

Onsdag 30. august vert det ikkje trening. I staden for oppfordrar me medlemer til å stilla på ope møte med blant andre Leo Ajkic i Øystesehallen kl. 18-20.

Torsdag 31. august vert kveldstreninga flytta til kl. 19-20.30. Årsaka er fritidsmessa i Øystesehallen. Den er ope for skuleelevar på dagtid og for alle andre kl. 17.30-18.30.

Treninga på føremiddagen torsdag går som normalt. Det same gjer open hall fredag og sundag. Denne sundagen vert det sal av kaffi, vafler, sjokolade og brus. Treningstidene finn du i menyen øvst på sida.

Info om oppvekstkonferansen finn du her.

Vel møtt på trening – og på arrangementa under oppvekstkonferansen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.