Me minner om at påmeldingsfristen for to stemne nærmar seg!
Stiga Norges Cup i Bergen
Helga 07.-08. oktober arrangerer Laksevåg BTK Stiga Norges Cup i Haukelandshallen i Bergen. I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar pr dag, og det kostar mellom 100 og 250 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, men ikkje nybyrjarklassar.
Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 06. september.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.
Meir info om turneringa finn du her.
NB: Alle som er fødd i 2011 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF for å kunna delta.
Lyderhornspretten 2023
Laurdag 16. september arrangerer Laksevåg BTK Lyderhornspretten i Olsvik idrettshall i Bergen.
I dette stemnet er det mogleg å delta i tre klassar og det kostar mellom 80 og 150 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigne nybyrjarklassar. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 11. september.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.
NB: Alle som er fødd i 2011 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje nybyrjarklassane.