Vellukka oppvekstkonferanse!

Mange ville prøva bordtennis under fritidsmessa!

Sist veka arrangerte Kvam herad oppvekstkonferanse. Hardanger BTK var til stades under fleire av arrangementa. Onsdag var det ope møte med blant andre Leo Ajkic i Øystesehallen. Møtet vart avslutta med ein panelsamtale om korleis ein kan gjera fritidsaktivitetar tilgjengelege for så mange som mogleg. Håvard Markhus frå HBTK sat i panelet – saman med blant andre Ajkic. Under møtet vart det også vist ein film med innslag frå ulike fritidstilbod. Frede Korshavn Vikesdal og Kaleb Mong reklamerte for HBTK i filmen.

Torsdagen var det først fritidsmesse i Øystesehallen. På messa presenterte organisasjonar og andre aktørar sine tilbod for alle 7.-10. klassingar i heradet. Målet med messa var å få fleire unge engasjerte i ulike tilbod på fritida. HBTK stilte mannsterke. Jan Visser, Håvard Markhus, Kristoffer Fonnaland, Gustav Korshavn Vikesdal, Jardar Fykse, Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah var alle til stades. I tillegg hadde me med oss to bord og eitt minibord. Standen vår var svært populær! Veldig mange elevar var innom for å prøva bordtennis!

Om kvelden var fritidsmessa open for alle som ville. Fleire av dei same representerte klubben vår då. I tillegg var Bente Maubach og Jeannette Huttenlocher på plass. Etter messa var det samling for fritidsaktørar. Bente og Jeannette var på plass frå klubben vår.

Fredag og sundag hadde me open hall. Sundagen var det også sal av kaffi, vafler, sjokolade og brus. Mange nye kom innom for å prøva bordtennis desse dagane! No håpar me på at desse og andre nye vil bli med i klubben vår!

NB. To dagar før konferansen vart Kvam herad kåra til årets ungdomskommune! Barne- og familieminister Kjersti Toppe kunngjorde tildelinga, og ho var også til stades under konferansen i Kvam.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.