Vellukka torgdag!

Laurdag vart den tradisjonsrike torgdagen arrangert i Norheimsund. Hardanger Bordtennisklubb var på plass med stand. Me hadde med oss to bordtennisbord, eitt minibord og informasjon om klubben. Det var strålande vèr og mykje folk på torgdagen, og veldig mange var innom vår stand for å prøva bordtennis! Heile ni representantar for klubben stilte opp under torgdagen. Me gjennomførte ein vellukka torgdag, og håpar å sjå endå fleire i hallen vår etter arrangementet!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.