
Det var godt oppmøte og god stemning under dagens trening i Hardanger Bordtennishall. Luis Betancor frå Taide Sport tok turen innom på veg til morgondagens turnering i Bergen. Då deltek både han og ein gjeng frå Hardanger BTK på Lyderhornspretten i Olsvikhallen.
Ein del av dei tolv frammøtte nytta høve til å kjøpa nytt utstyr. Nokon nytta også høve til å utfordra Luis ved bordtennisbordet. Han hadde også med seg ein bordtennisrobot som klubben skal testa. Me takkar Luis for besøket!
