Fleire sterke resultat i Lyderhornspretten!

Spelarane samla på Peppes Pizza. Frå venstre: Mohamad, Felix, Kristoffer, Sandar, Liam, Gustav og Kaleb

Hardanger BTK stilte med sju spelarar i Lyderhornspretten, som vart arrangert i Olsvikhallen i Bergen laurdag. Våre deltakarar oppnådde fleire flotte plasseringar!

Aller best gjekk det med Gustav Korshavn Vikesdal. Han deltok i herrar f for første gong, og spela seg heilt fram til finalen. Både i kvarten og semien vann han 3-2 og med 11-9 i avgjerande sett. I finalen vart det 3-2-tap, men uansett vart det ein sterk andreplass på Gustav! Dermed sikra han seg også pengepremie for første gong, så no er han i gang med å tjena pengar på idretten.. I gutar 15 vart det ein flott femteplass på Gustav, etter eit knepent tap mot klassevinnaren i kvarten. Med sin nye defensive spelestil slo Gustav fleire langt høgare rangerte spelarar.

I gutar 11 vart det ein sterk andreplass på Kaleb Mong! I semien imponerte han med 3-0-siger mot spelaren som er rangert som nummer seks i landet i klassen.

Liam Amir Jamal sikra klubben sin tredje finaleplass! Han vart nummer to i den eldste nybyrjarklassen etter eit knepent finaletap. Sandar Lyssand vart nummer ni i herrar f, etter å ha kjempa seg vidare frå dødens pulje i klassen. Mohamad Bassem Farah vart nummer ni i gutar 15. Felix van der Leest og Kristoffer Fonnaland vann også kampar, men gjekk ikkje vidare frå puljespelet.

Etter turneringa bada HBTK-gjengen på Vannkanten, før klubben spanderte pizza og brus på alle på Peppes Pizza!

Under NM for yngre i vår tapte våre spelarar ei rekkje kampar i femte og avgjerande sett. Denne gongen klara spelarane våre å vinna ei rekkje slike kampar, noko som er svært gledeleg!

Me i Hardanger BTK er veldig godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa og med ein vellukka og sosial dag i Bergen!

Neste turnering er Trondheim Open 30.september-01. oktober.

Gustav (til venstre) og Kaleb sikra seg kvar sin andreplass! Kaleb fekk pokal. Gustav fekk pengar på kontoen!
Jack Feng var på plass som lagleiar. Her coachar han Kaleb.
Nokre av spelarane rakk også ein runde med bilspel før me reiste heim.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.