Bordtennis på idrettsskulen!

I løpet av dei siste vekene har tre ulike grupper frå Kvam LSK sin idrettsskule hatt kvar si økt med bordtennis. Til saman har rundt femti born fått prøva bordtennis. Hardanger BTK har stilt med fleire instruktørar og sparringspartnarar, og har hatt eit variert opplegg med rundbord, speling, triksing og leikar. Alle har også fått prøva bordtennisroboten. No håpar me at fleire av borna vil fortsetja med å spela bordtennis i klubben vår!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.