Laurdag 18. november arrangerer Sportsklubben Heros eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen.
I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 80 og 160 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigne nybyrjarklassar. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 07. november.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.
NB: Alle som er fødd i 2011 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje nybyrjarklassane.