
Hardanger BTK spela onsdag sesongens første kamp i 4. divisjon. Laksevåg 4 var motstandar i Laksevåg Bordtennishall i Bergen, og dei vann 10-0. HBTK stilte med Lars Henrik Mo, Aodne Valland og Torstein Valland. Sistnemnde gjorde comeback etter tjue års pause. Han viste lovande takter, men treng nok eit par treningsøkter før han er ein fullgod erstattar for spelarane som spelte på førstelaget vårt i eliteserien sist sesong…
Alle spelarane våre vann sett i løpet av lagkampen. I tillegg tapte våre menn heile ni sett med knappast mogleg margin… Sigrar i enkeltkampar var med andre ord ikkje heilt utanfor rekkjevidde..
Å møta Laksevåg i serieopninga har blitt ein tradisjon. I fjor vann me, medan dei var best for to år sidan.
Hardanger BTK plasserte seg dermed på botn av tabellen etter første kamp, men me håpar på betre tider. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar vil forhåpentlegvis snart verta lagt ut på bordtennis.no.
Dei neste kampane er bortekampar mot Bergen PIl 2 og Bergen PIl 3 i Bergen laurdag 11. november.