
Hardanger BTK sine seks deltakarar sikra klubben fleire flotte resultat i Stord Cup, som vart arrangert i Stord idrettspark laurdag.
Iselinn Stuve gjekk til topps i i klassen damer ikkje-aktive. Jeannette Huttenlocher vart nummer tre i klassen. Same plassering vart det på Håvard Markhus i herrar D.
Våre tre yngre deltakarar gjorde det også godt. Liam Amir Jamal sikra seg ein fin niandeplass når han for første gong deltok i herrar F. Han var også nære kvartfinaleplass i klassen. Liam vart også nummer ni i gutar 15. Mohamad Basem Farah vart nummer fem i nybyrjar 15, medan Jardar Fykse gjekk til topps i b-sluttspelet i klassen. Sistnemnde spela også jamt med klassevinnaren i puljespelet.
Me i Hardanger BTK er veldig godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa og med ein vellukka og kjekk tur til Stord!
Neste turnering er eit regionalt stemne i Bergen laurdag 18. november.

