Hardanger BTK har motteke 55 000,- i lokale prosjektmidlar frå Sparebanken Vest sitt samfunnsutbytte! 30 000,- går til støtte til turar for yngre medlemer, medan 25 000,- går til Hardanger Bordtennishall.
Sparebanken Vest har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og me gler oss over at dei framleis vil vera dette!
Me takkar Sparebanken Vest for at dei nok ein gong støttar oss, og oppmodar alle om å bruka banken!