To poeng i 4. divisjon

Frå venstre: Håvard, Lars Henrik og Aodne

Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag to kampar i 4. divisjon. Bergen PIL 2 og Bergen PIL 3 var motstandarar i deira bordtennishall i Bergen. Begge kampane var svært spanande og enda uavgjort 5-5. HBTK stilte med Håvard Markhus, Lars Henrik Mo og Aodne Valland.

Mot Bergen PIL 2 kom sigrane ved Håvard (3), Aodne og Lars Henrik. Mot Bergen PIL 3 kom sigrane ved Håvard (3), Aodne og dobbelparet Håvard/Aodne.

Hardanger BTK ligg no på fjerdeplass blant dei sju laga i avdelinga etter tre spelte kampar. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Neste kamp er ein heimekamp mot Fjell 2 måndag 20. november.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.