Til topps i 5. divisjon!

Frå venstre: Liam, Jeannette, Jannik, Torstein, Gustav og Kaleb

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon spela laurdag to kampar i Haukelandshallen i Bergen. Bergen PIL 4 og Heros 4 var motstandarar.

HBTK 3 stilte med Gustav Korshavn Vikesdal, Kaleb Mong og Torstein Valland. Laget vann først 8-2 mot Bergen PIL 4. Sigrane kom ved Gustav (3), Kaleb (2), Torstein (2) og dobbelparet Gustav/Kaleb. Deretter vann laget 6-4 mot Heros 4. Sigrane kom ved Gustav (2), Kaleb (2), Torstein og dobbelparet Gustav/Kaleb.

HBTK 2 stilte med Liam Amir Jamal, Jannik Huttenlocher og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher. Laget tapte først 7-3 mot Heros 4. Sigrane kom ved Jannik (2) og Liam. Seinare på dagen vann HBTK 2 6-4 mot Bergen PIL 4. Sigrane kom ved Liam (3), Jannik (2) og dobbelparet Liam/Jeannette. I denne lagkampen vann laget fire kampar i femte og avgjerande sett!

HBTK 3 gjekk rett til topps på tabellen etter helgas kampar! HBTK 2 ligg på tredjeplass blant dei fem laga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me er veldig godt nøgde med poengfangsten i helga!|

Den neste kampen vert ein internkamp mellom dei to laga våre. Den vert truleg spela fredag 01. desember.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.