
Etter eit par forfall vart Jardar Fykse og Liam Amir Jamal Hardanger BTK sine einaste deltakarar i eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen laurdag.
Jardar sikra seg ein flott andreplass i den eldste nybyrjarklassen! Han spela veldig godt og vann fleire jamne og spennande kampar før han sikra seg andreplassen.
Liam stilte denne gongen i dei to seniorklassane herrar e og herrar f. Der møtte han sterk motstand, men spela likevel fleire veldig gode kampar. I herrar f var han berre eitt sett frå å gå vidare frå puljespelet. Han spela også jamt med klassevinnaren.
Spelarane kan vera veldig godt nøgde med spel og innsats i turneringa!
Neste turnering er KM i Bergen laurdag 16. desember.