
Hardanger BTK sitt førstelag spela måndag sesongens fjerde kamp i 4. divisjon. Fjell 2 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Bortelaget vann ein spanande og jamn kamp 7-3. HBTK stilte med Håvard Markhus, Lars Henrik Mo og Aodne Valland. Alle sigrane våre kom ved Håvard. Ein av kampane vann han 3-2, men samstundes tapte våre spelarar fire kampar i femte og avgjerande sett. Me var med andre ord nær både siger og uavgjort i lagkampen.
Hardanger BTK ligg no på femteplass blant dei sju laga i avdelinga etter fire spelte kampar. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her, men dette er ikkje oppdatert etter måndagens kamp.
Neste kamp er ein heimekamp mot Bergen PIL 2 måndag 04. desember.