Brørne Jack og Simon Feng vann dobbelklassen i Stord BTK sin sommarcup sist torsdag. Dei vann alle kampane klart! Jack gjekk også til topps i singel! Simon kom i ei svært tøff pulje, saman med to spelarar som begge tok seg til semifinalen, og rauk ut i puljespelet. I den siste kampen i pulja hadde han ei rekkje matchballar mot Thomas Nummedal, som seinare gjekk heilt til finalen, men lukkast ikkje i å slå inn den avgjerande ballen.
Spelarar frå Bergen HIL. Stord og Hardanger deltok i sommarcupen. Etter turneringa var det felles grilling.
Jack, Simon og trenar Håvard Markhus var forøvreg på Stord frå onsdag til sundag. I tillegg til cup og daglege treningsøkter vart det tid til blant anna fjelltur, fotballkamp, tur til Bømlo og besøk heime hjå klubbkamerat Nils Arne Stuve.








