
Hardanger BTK sitt førstelag spela måndag sesongens femte kamp i 4. divisjon. Bergen PIL 2 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Bortelaget vann ein svært spanande og jamn kamp 6-4. HBTK stilte med Håvard Markhus, Lars Henrik Mo og Aodne Valland. Sigrane kom ved Håvard (3) og Aodne. Ein av kampane vann me 3-2, men samstundes tapte våre spelarar to kampar i femte og avgjerande sett. Dei to siste lagkampane denne sesongen har me vore få poeng frå både uavgjort og siger. Me satsar på å snu fleire jamne kampar i vår favør framover.
Hardanger BTK ligg no på sjetteplass blant dei sju laga i avdelinga etter fem spelte kampar. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.
Dei neste kampane våre vert spela i Bergen laurdag 20. januar. Då møter me Fjell 3 og Heros 3.