Medlemsinfo

Medlemskontingent og treningsavgift:

Medlemskontingenten er 100,- pr år. Treningsavgifta er p.t. 300,- pr halvår. Du kan prøva nokre gonger gratis før du bestemmer om du vil fortsetja.

Klubben sender ut fakturaer via epost. Me gjer merksam på at medlemskontingent og treningsavgift skal betalast til Noregs idrettsforbund v/Buypass Payment AS grunna idrettsforbundet sitt regelverk. Andre fakturaer skal betalast til klubben sitt kontonummer.

Medlemskontingent må betalast av alle som vil vera med i klubben vår. Medlemer som etter purringar ikkje har betalt medlemskontingent vil verta strokne jf. NIF sitt regelverk.

Me set stor pris på alle som vil vera medlem hjå oss! Klubben mottek støtte frå NIF og Kvam herad for alle som har betalt medlemskontingent. Ein treng ikkje ha betalt treningsavgift. Den må berre betalast av aktive medlemer – som deltek på treningar eller open hall.

Betalingsutfordringar?

Hardanger BTK mottek ein del støtte til medlemer med økonomiske utfordringar. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du treng støtte til kostnader knytta til det å vera aktiv i klubben vår.

Medlemskap

Dersom du ynskjer å melda deg inn i Hardanger BTK gjer du det her.

Dersom du allereie er medlem treng du ikkje registrera deg.

Forsikring og lisens:

Alle våre medlemer under 13 år er forsikra gjennom Norges idrettsforbund si barneidrettsforsikring hjå Gjensidige. Alle våre medlemer er også forsikra gjennom Hardanger BTK si klubbforsikring hjå IF. Les meir om begge desse forsikringane her.

Alle som deltek i turneringar eller seriespel og er fødd i 2012 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. NB: Gjeld ikkje nybyrjarklassar.

Les meir om lisensen her. Lisensen kan også betalast via Fritidskortet.

Fritidskortet

Fritidskortet gjev barn og unge ( 6-18 år) i Kvam kr 1000 pr år til å betala medlemskontingent og treningsavgift for faste, organiserte fritidsaktivitetar.

NB. Det er også mogleg å betala lisens med Fritidskortet. Sjå info om lisens over.

Meir info om Fritidskortet i Kvam og korleis ein nyttar dette finn du her.

Parfyme:

For at alle våre medlemer skal kunna vera med på treningar og andre aktivitetar, håpar me alle kan unngå bruk av alle typar parfymerte produkt.

MX Sport Øystese gjev HBTK-medlemer rabatt

MX Sport Øystese gjev alle medlemmer i Hardanger Bordtennisklubb 20% rabatt på alt til trening (sko og klede) og 15% rabatt på alle andre varer! Det er ikkje laga noko kort eller bevis. Du treng berre seia at du er medlem i klubben.

Samtykke til bilete og film

Me i Hardanger BTK tek bilete og film av våre medlemer til bruk på Facebook og nettside. Dette kan skje i samband med treningar, turneringar, seriespel og andre arrangement. Alle over 15 år bestemmer sjølve om dette er greitt. For barn og unge under 15 år må både barnet/ungdomen og foreldre/føresette samtykka. Dersom nokon ikkje samtykker til dette må dei sjølve eller foreldra/føresette informera Håvard (91535549, havard@hbtk.no).

Racket:        

Du kan låna racket den første sesongen. Det kan vera lurt å snakka med trenarane for å få tips dersom du skal kjøpa eigen racket.

Som leverandør av utstyr anbefalar me Taide Sport. Ta kontakt med Luis Betancor (47199999, luis@joola.no).

Turneringar og sosiale aktivitetar:

Dei som ynskjer det kan vera med på turneringar  i Bergen, på Stord og andre stader. I tillegg arrangerer me eigne turneringar. Me har også sosiale aktivitetar, som til dømes juleavslutning og sommaravslutning. Ein må betala ekstra for å vera med på turneringar og nokre av dei sosiale aktivitetane.

Bordtennis for alle!

Hardanger BTK ynskjer å gje eit godt tilbod til alle – uansett alder, kjønn, nasjonalitet, nivå og funksjonsevne! Ein video om klubben vår finn du her.

Informasjon:

All informasjon vert lagt ut på denne heimesida. Du finn oss også på Facebook. Der har me både ei open side og ei lukka gruppe. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil vera med i den lukka gruppa. Me sender elles ut informasjon via mail til alle aktive medlemer.

Kontaktpersonar: 

Håvard Markhus (91535549, havard@hbtk.no)

Jan Visser (95559212, jan@hbtk.no)

Bente Maubach (95004190, bente@hbtk.no)