Drakter og t-skjorter
Hardanger BTK får nye drakter sommaren 2025. Dei nye draktene – som er av merket Joola – vil me ha i tre sesongar, dvs fram til sommaren 2028. Både spelardrakt og overtrekksdrakt er med klubblogo og sponsorlogoar.
Draktene ser slik ut:
Klubben dekkjer ein del av kostnadane for våre medlemer. Prisane for deg som er medlem vert då:
Spelartrøye: 350,-
Shorts: 250,-
Overtrekksjakke: 450,-
Overtrekksbukse: 350,-
Komplett sett (fire delar): 1100,-
Det er også mogleg å bestilla raud klubb-t-skjorte med klubblogo og sponsorlogoar. T-skjorta kostar 100,-.
Dersom du ynskjer trykk av spelarnamn kjem 125,- i tillegg pr. plagg. Det er mogleg å få spelarnamn på både spelartrøye, overtrekksjakke og t-skjorte. I utgangspunktet ynskjer me at ein då vel førebokstav og etternamn.
Send ein epost til Kim-Erling Bolstad-Larssen (kebl@hbtk.no) for bestilling. Informèr samstundes om du ynskjer trykk av spelarnamn og korleis dette skal skrivast.
Leverandøren av dei nye draktene er Taide Sport. Ta kontakt med Luis Betancor (47199999, luis@joola.no) dersom du ynskjer å kjøpa anna bordtennisutstyr!
NB: Hardanger BTK mottek ein del støtte til medlemer med økonomiske utfordringar. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du treng støtte til kostnader knytta til det å vera aktiv i klubben vår, til dømes drakter eller t-skjorter.
Racket og anna utstyr
Dersom du ynskjer å kjøpa ny racket eller anna bordtennisutstyr og treng tips eller hjelp til dette kan du ta kontakt med ein av trenarane i klubben.
Som leverandør av utstyr anbefalar me Taide Sport. Ta kontakt med Luis Betancor (47199999, luis@joola.no). Sjå joola.no.
MX Sport Øystese gjev HBTK-medlemer rabatt
MX Sport Øystese gjev alle medlemmer i Hardanger Bordtennisklubb 20% rabatt på alt til trening (sko og klede) og 15% rabatt på alle andre varer! Det er ikkje laga noko kort eller bevis. Du treng berre seia at du er medlem i klubben.









