Rekordstøtte frå Sparebanken Norge!

Frå venstre: Håvard Markhus, Trude Skeie Mo og Daniel Thowsen

Hardanger BTK har motteke 100 000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Norge! Støtta skal gå til prosjektet «Bordtennis for alle – 24/7!». Dette er den største einskildløyvinga klubben nokon gong har motteke frå banken!

Sparebanken Norge – tidlegare Sparebanken Vest – har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år. Me gler oss over at Sparebanken Norge vil støtta oss!

Under sommaravslutninga på dagtid torsdag møtte representantar frå banken opp med gode ord om klubben samt det synlege beviset på støtta. Som takk fekk dei kaffi og kake samt at dei fekk prøva bordtennis. Meir om sjølve avslutninga kjem i eiga sak seinare.

Me takkar Sparebanken Norge for støtta, og oppmodar alle om å bruka banken!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Rekordstøtte frå Sparebanken Norge!

Støtte frå Equinor!

Hardanger BTK har motteke 10 000,- i støtte frå Equinor! Støtta skal gå til prosjektet «Bordtennis for alle!». Me takkar Equinor for støtta!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Støtte frå Equinor!

Vellukka tur til Grimstad!

Hardanger BTK sine deltakarar i turneringa

Hardanger BTK gjennomførte i helga ein svært vellukka tur til Lia Kixen i Grimstad! Me stilte med seks deltakarar under turneringa, som vart gjennomført i Vikhallen i Grimstad laurdag og sundag. I tillegg stilte me med ein heiagjeng på tre.

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka tur til Grimstad!

Klart for Lia Kixen

Denne gjengen er på plass på Sørlandet. Her ser me dei på terrassen utanfor hytta.

Denne helga er det klart for Lia Kixen i Vikhallen i Grimstad.

Hardanger BTK har no ein delegasjon beståande av ni personar på plass på Sørlandet. Sju av desse skal delta i turneringa. Turneringa vert avvikla laurdag og sundag. Gjengen vår varmar opp med ein dag i Dyreparken i Kristiansand i dag.

Trekning, resultatservice og tidsskjema finn du her.

Hardanger BTK vil truleg leggja ut oppdateringar på vår facebookside i løpet av helga. På nettsida vil det truleg ikkje verta lagt ut reportasje før måndagskveld.

Me ynskjer spelarar og støtteapparat lukke til!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Klart for Lia Kixen

Oppsummering seriespel sesongen 2025-2026

Frå venstre: Håvard, Kristian, Murad, Mohamad og Liam har vore aktive i seriespelet denne sesongen.

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2025-2026. Førstelaget vart nummer tre i 4. divisjon medan andrelaget vart nummer to i 5. divisjon. Dermed vart det medaljeplass på begge laga våre! Her kjem ei oppsummering av sesongen:

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Oppsummering seriespel sesongen 2025-2026

Vaffelsundag

Sundag 07. juni er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler, slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade.

Arrangementet er frå kl. 17.30-19.00. Alle er velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Dette vert siste Vaffelsundag – og siste sundag med open hall – før sommaren.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vaffelsundag

Sommaravslutning

Onsdag 10. juni vert det sommaravslutning kl. 18.00-19.30. Torsdag 11. juni vert det sommaravslutning kl. 11.00-12.30. Me køyrer avslutning begge dagane for at det skal passa for flest mogleg. Alle medlemer er velkomne begge dagar, og ein treng ikkje melda seg på. Det er gratis å delta.

Avslutningane vert i Hardanger Bordtennishall. Det vert mogleg å spela bordtennis og andre spel. Det vert enkel servering.

For at alle våre medlemer skal kunna vera med, håpar me alle kan unngå bruk av alle typar parfymerte produkt under arrangementa.

Etter sommaravslutningane tek klubben sommarferie, noko som betyr at det vil verta pause i dei fleste vanlege treningar og open hall. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. Info om dette kjem seinare.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sommaravslutning

Fem representerte HBTK i veteran-NM

Frå venstre: Emma, Jeannette, Iselinn, Vegar, Vegard og Håvard hadde ei kjekk helg i Bergen!

Fem spelarar representerte Hardanger BTK då NM for veteranar vart arrangert i Haukelandshallen i Bergen i helga. Alle viste heiderleg innsats, men ingen kom heim med gull og glitter eller glitrande plasseringar. Alle deltok i singel, medan nokon også prøvde seg i mix og dobbel. I tillegg til spelarane var Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah med som lagleiarar.

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Fem representerte HBTK i veteran-NM

Taide Sport vitja Hardanger BTK

Frank Martiniussen under open hall på dagtid torsdag. I bakgrunnen to spelarar med mange NM-medaljar; Arild Haukanes og Jan Roger Andersson frå Stord BTK

Onsdag og torsdag hadde Hardanger BTK vitjing av Frank Martiniussen frå Taide Sport. Frank var til stades både på treninga onsdagskveld, open hall på dagtid torsdag og treninga torsdagskveld. Han fekk møta mange av medlemene våre, og nokre av dei frammøtte nytta høve til å testa og kjøpa nytt utstyr. Nokon nytta også høve til å utfordra Frank ved bordtennisbordet – både i dobbel og singel. Me takkar Frank for besøket!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Taide Sport vitja Hardanger BTK

Pinse, pause og NM

Grunna pinsen vert det ikkje open hall sundag 24. og måndag 25. mai.

Ikkje alle i klubben tek fri i pinsen. Fem spelarar representerer klubben vår i NM for veteranar i Haukelandshallen i Bergen. Turneringa startar fredag, men våre spelarar deltek laurdag og sundag. Trekning, resultatservice og tidsskjema med meir finn du her.

Etter pinsen fortset treningane og open hall som normalt. Unntaka vert open hall fredagar som har teke sommarferie.

Me ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god pinse!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Pinse, pause og NM