Vinterferie!

I veke 9 er det vinterferie.

Open hall for alle vil gå som normalt kl. 17.30-19.00 både sundag 22. februar og sundag 01. mars. Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 måndag 23. februar og torsdag 26. februar går også som normalt. Alle er velkomne desse dagane, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Under open hall sundag 01. mars er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade.

Dei andre faste tidene utgår i ferien, men truleg vil det vera folk i hallen for å spela også til andre tider. I så fall vil det verta lagt ut info om dette i den interne facebookgruppa etter kvart som dette vert bestemt. Også då er alle velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta kontakt med han dersom du ynskjer å verta informert om når det er folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.

Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god vinterferie!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vinterferie!

Heimekamp i 4. divisjon

Laurdag 21. februar er det heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Laksevåg 4 kl. 15.00.

Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Heimekamp i 4. divisjon

Årsmøte

Det vert årsmøte i Hardanger Bordtennisklubb i Hardanger Bordtennishall onsdag 18. mars kl. 2000. Vanlege årsmøtesaker. Forslag til saker kan sendast til post@hbtk.no seinast 04. mars.

Vel møtt!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Årsmøte

Flott innsats på dugnad!

Kiosken under UKM

Sundag stilte ein gjeng frå Hardanger BTK på dugnad i Norheimsund idrettshall, der me hadde ansvaret for kiosken under årets utgåve av UKM (Ung Kultur Møtest). Me selde kaffi, te, brus, frukt, sjokolade og eigenproduserte kaker, og sikra mange kjærkomne kroner til klubbkassa!

Dugnaden vart gjennomført berre ei veke etter sesongens største dugnad – Norheimsund Open – der mange fleire av oss stilte opp.

Hardanger BTK takkar dugnadsarbeidarane for flott innsats!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Flott innsats på dugnad!

To nye sigrar i 5. divisjon!

Frå venstre: Mohamad, Liam, Jeannette og Murad

Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag sesongens åttande og niande kampar i 5. divisjon. Laksevåg 6 og Laksevåg 5 var motstandarar i bordtennishallen i Alvøen idrettspark. Me vann begge kampane!

HBTK 2 stilte med Mohamad Basem Farah, Murad Basem Farah og Liam Amir Jamal i begge kampane. I tillegg kom lagleiar Jeannette Huttenlocher inn i ein singelkamp og begge dobbelkampane.

Mot Laksevåg 5 vann me 8-2. Sigrane kom ved Mohamad (3), Liam (3) og Murad (2). Berre ein av kampane gjekk til femte sett, og den vann Laksevåg.

Mot Laksevåg 6 vann me 10-0. Sigrane kom ved Liam (3), Murad (3), Mohamad (2), Jeannette og dobbelparet Murad/Jeannette. Laksevåg tok berre eitt sett i løpet av heile lagkampen.

Dermed har andrelaget sikra seg seksten av atten moglege poeng etter ni spelte kampar.

HBTK 2 toppar tabellen etter gårsdagens kampar. Sju lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Den neste kampen vert truleg bortekampen mot Bergen PIL 2. Den vert spela i deira bordtennishall i Bergen laurdag 07. mars.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på To nye sigrar i 5. divisjon!

Haugesund Open 2026

Laurdag 14. mars arrangerer Haugesund BTK årets utgåve av Haugesund Open i Skåredalen idrettshall i Haugesund.

I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 130 og 210 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigen rekruttklasse. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 05. mars.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB: Alle som er fødd i 2013 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklasse.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Haugesund Open 2026

Sterke resultat frå stor HBTK-tropp!

Frå venstre: Liam, Murad og Mohamad hevda seg veldig godt i turneringa!

Hardanger BTK stilte med heile 23 deltakarar og oppnådde mange flotte resultat i årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som me arrangerte i Norheimsund idrettshall laurdag. Blant deltakarane våre var alderskilnaden 68 år frå den eldste til den yngste!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sterke resultat frå stor HBTK-tropp!

Resultat Norheimsund Open 2026

Alle resultat frå Norheimsund Open 2026, som vart arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag, finn du her.

Me takkar alle for eit kjekt stemne, og ynskjer velkomen tilbake til Norheimsund Open 2027!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Resultat Norheimsund Open 2026

Deltakarlister Norheimsund Open 2026

76 deltakarar frå ti klubbar er påmelde til årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open.

Hardanger BTK er største klubb med 22 påmeldte.

Turneringa vert arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag 07. februar. Me vil også ha eit par bord i amfisalen på Norheimsund skule – som ligg i det same bygget.

Spelarar frå Hardanger BTK, Laksevåg BTK, Fjell, Sportsklubben Heros, Bergen PIL, Stord BTK, Haugesund BTK, Voss BTK, Stavanger BTK og NHHI deltek.

Blant deltakarane er tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson frå Stord BTK.

Deltakarlistene finn du her. Her vil du seinare også finna resultat, og sida vil verta oppdatert undervegs i stemnet.

Me ynskjer alle vel møtt til Norheimsund Open 2026!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Deltakarlister Norheimsund Open 2026

Info til Hardanger BTK sine deltakarar i Norheimsund Open 2026

Laurdag arrangerer Hardanger BTK årets utgåve av Norheimsund Open i Norheimsund idrettshall. Hardanger BTK har meldt på heile 22 spelarar! Me tek i mot påmelding fram til ein halvtime før klassestart dersom fleire ynskjer å vera med. Ta i så fall kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) eller med sekreteriatet i hallen.

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Info til Hardanger BTK sine deltakarar i Norheimsund Open 2026