Tre poeng i 4. divisjon!

Frå venstre: Håvard, Aodne, Lars Henrik og Torstein

Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag sesongens sjette og sjuande kamp i 4. divisjon. Heros 3 og Fjell 3 var motstandarar i Haukelandshallen i Bergen. Begge kampane var svært spanande og jamne.

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Tre poeng i 4. divisjon!

Skulebesøk i Norheimsund

Torsdag og fredag gjennomførte Hardanger BTK skulebesøk på Norheimsund skule. Sjuandeklassane og sjetteklassane fekk prøva bordtennis. Hardanger BTK stilte mannsterke: Håvard Markhus, Jan Visser, Jardar Fykse, Liam Amir Jamal, Mohamad Basem Farah, Felix van der Leest og Gustav Korshavn Vikesdal var på plass.

Me gjennomførte eit variert opplegg og stemninga var god! No håpar me fleire frå klassane vil byrja i klubben vår!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Skulebesøk i Norheimsund

HBTK 3 vann internkamp

Bak frå venstre: Levi, Gustav, Lars Henrik og Jeannette Framme frå venstre: Felix, Liam og Kristoffer

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon møttest onsdag til internkamp i Hardanger Bordtennishall. HBTK 3 vann 7-3.

HBTK 3 stilte med Gustav Korshavn Vikesdal, Levi Mong og Felix van der Leest. Sigrane kom ved Gustav (3), Levi (2) og Felix (2).

HBTK 2 stilte med Jeannette Huttenlocher, Liam Amir Jamal og Kristoffer Fonnaland. Lars Henrik Mo kom inn i ein singel samt dobbel. Sigrane kom ved Liam (2) og dobbelparet Liam/Lars Henrik.

HBTK 3 toppar tabellen! HBTK 2 ligg på tredjeplass blant dei fem laga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Laurdag 03. februar møter begge laga våre Heros 4 og Bergen PIL 4 til heimekampar i Hardanger Bordtennishall.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på HBTK 3 vann internkamp

Internkamp onsdag

Onsdag 17. januar vert det kamp mellom Hardanger BTK 2 og Hardanger BTK 3 i 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Kampen startar kl. 17.30. Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.

Denne kampen kjem til å gå inn i tida der me har open hall, men open hall går uansett som vanleg kl. 19.00.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Internkamp onsdag

Flott innsats i regionalt stemne!

Frå venstre: Mohamad, Murad og Liam på Peppes Pizza etter turneringa

Fire spelarar representerte Hardanger BTK i eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen laurdag. Denne turneringa føregjekk i eit litt anna format enn det som er vanleg.

I rankingklasse 2 vann Aodne Valland tre av fire kampar i puljespelet. Han hamna dermed på nivå 2 i sluttspelet. Der vann han ein kamp og vart nummer fire.

I same klasse hamna Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah på nivå fem i sluttspelet. Der vart Liam nummer to og Mohamad nummer tre.

I den eldste nybyrjarklassen møtte Murad Basem Farah tøff motstand. Han vann ingen kampar, men fleire sett.

Spelarane kan vera veldig godt nøgde med spel og innsats i turneringa!

Neste turnering er Norheimsund Open, som me arrangerer i Norheimsund idrettshall laurdag 17. februar.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Flott innsats i regionalt stemne!

Viktig informasjon om NM for yngre, Stiga 11-ern og mogleg Sverige-tur

Helga 31.mai-02. juni arrangerer Skien BTK NM for yngre og Stiga 11-ern i Skien Fritidspark i Skien. Arrangementet er aktuelt for spelarar som er født i 2008-2013.

Hardanger BTK planlegg ein tur til Sverige – mest truleg Gøteborg – 06.-10. august. Tidspunktet for turen kan verta justert noko, men det vil uansett verta den veka. Me planlegg å reisa med spelarar født i 2007-2012.

Klubben har i dag sendt ut info om desse arrangementa til aktuelle spelarar. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du er i denne aldersgruppa og ikkje har fått eposten.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslåttViktig informasjon om NM for yngre, Stiga 11-ern og mogleg Sverige-tur

Trening fredag utgår

Det vert ikkje trening fredag 12. januar grunna arrangement.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Trening fredag utgår

Norheimsund Open 2024 – info til eigne medlemer

Laurdag 17. februar arrangerer Hardanger BTK Norheimsund Open i Norheimsund Idrettshall.

I dette stemnet er det mogleg å delta i tre klassar, men sidan me også skal arrangera turneringa må me begrensa antal klassar ein del av oss deltek i. For HBTK-medlemer kostar det mellom 30 og 80 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper. Det er eigne nybyrjarklassar og dobbelklassar. Invitasjonen finn du lenger nede på sida.

Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 08. februar.

NB: Alle som er fødd i 2011 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje Golden Girls, Golden Boys og nybyrjarklassane.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Norheimsund Open 2024 – info til eigne medlemer

Invitasjon Norheimsund Open 2024

Hardanger BTK inviterer til ei ny utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open laurdag 17. februar. Invitasjonen finn du her.

Me gjer merksam på at grunna anleggsarbeid er det begrensa med parkeringsplassar i området rundt Norheimsund idrettshall, og ein må uansett gå minst femti meter frå bil til hall.

Informasjon til Hardanger BTK sine medlemer om turneringa finn du i eiga sak.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Invitasjon Norheimsund Open 2024

Godt nytt år!

Me i Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener eit godt nytt år!!

Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert onsdag 03. januar.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Godt nytt år!