Hardanger BTK sine deltakarar tok til saman fire medaljar under NM for yngre og Stiga 11ern, som vart avvikla i Oppegård i helga. Dermed vart det ei svært vellukka bordtennishelg for klubben vår!
Simon Feng tok sølv i gutar 15 rekrutt! Tora Aksnes-Øystese og Zosia Ostrowska sikra seg bronse i jenter 11 dobbel, medan Tora også fekk bronse saman med Bård Skogen i mix dobbel 11!

Bak frå venstre: Jack Feng, Lars Opheim og Simon Feng
Framme frå venstre: Tora Aksnes-Øystese og Zosia Ostrowska
Turneringane starta med lagklassar fredag. Der spela Lars Opheim saman med Jack og Simon Feng i gutar 15 lag. Dei tapte 3-1 i første runde. Dermed kunne dei ikkje bli betre enn nummer sytten av dei 32 laga. Den plassen sikra dei seg, etter tre strake sigrar i dei neste kampane! Elles så kan alle våre tre guttespelarar delta i denne klassen også neste sesong, medan Simon kan vera med ytterlegare ein sesong.
Tora og Zosia spela saman i jenter 11 lag. Også dei tapte 3-1 i første runde, men dei vann dei to neste kampane og vart dermed nummer fem! Elles så vart heile førsterundekampen deira mot Oppegård fulgt av Aftenposten Junior, som var på plass med både fotograf og journalist ved lagleiarbenken.
Laurdag vann Simon alle kampane i pulja i gutar 13. Han vann også første runde i sluttspelet. I andre runde vart det tap mot Hågen Viken Grini, men Simon tok sett mot den gode Fokus-spelaren. Dermed vart det ein flott syttandeplass på Simon, i ein klasse med nesten 140 deltakarar!
I jenter 13 rauk Zosia ut i puljespelet, medan Tora gjekk vidare. I sluttspelet tapte ho i første runde, og enda dermed på syttandeplass.
I gutar 15 dobbel var det berre Jack som gjekk vidare til andre runde. Han spela saman med Morten Stokke frå Stord BTK. I andre runde rauk dei ut med knappast mogleg margin (3-2 i sett og 11-9 i femte sett) mot eit Fokus-par. Dermed vart dei nummer sytten. Lars spela saman med Torbjørn Iversen Haaland frå Stord BTK og Simon med Johannes Binder frå Fjell, men begge desse para fekk for tøff motstand i første runde.
I jenter 11 dobbel gjekk det altså betre. Tora og Zosia var svært nære å ryka ut i første runde. Dei låg under 10-7 i femte og avgjerande sett, men avverga tre matchballar og vann til slutt kampen! Deretter vann dei også kvartfinalen, før dei rauk ut med 3-1 i ein jamnspelt semifinale. Dermed vart det altså bronsemedalje på dei to jentene frå Hatlestrand!
I mix dobbel 11 spela Zosia saman med Thomas Låte frå Stord BTK. Dei sikra seg ein flott femteplass, etter at dei tapte knepent 3-2 i kvarten. Endå betre gjekk det altså med Tora. Saman med makker Bård Skogen frå Stord BTK vart det ein kjempeflott tredjeplass i klassen! Faktisk kunne det ha gått enno betre, for i semien leia dei 2-0, før det til slutt vart 3-2-tap mot paret som seinare vann klassen.

Mixpara med lagleiarar. Frå venstre: Atle Irgens, Bård Skogen, Tora Aksnes-Øystese, Zosia Ostrowska, Thomas Låte og Roger Andersson
Sundag spela Simon og Lars i gutar 15 rekutt. Lars overraska først med å tapa knepent 3-2 mot spelaren som seinare vann klassen! Han gjekk likevel vidare frå puljespelet, og enda på ein flott syttandeplass blant 89 deltakarar. Simon vann først alle kampane i puljespelet. Deretter fortsette sigerrekkja heilt til han tapte 3-2 mot Aksel Kristiansen frå Fornebu i finalen. Dermed vart det ein veldig sterk andreplass til Simon i ein av dei største klassane i turneringane!
Jack spela i gutar 15. Der gjekk han vidare frå puljespelet med knappast mogleg margin. Han og to andre spelarar stod alle med ein siger, to tap og lik settkvote. Dermed måtte det teljast poeng, og her gjekk Jack vidare med eitt (1!!) poeng betre poengkvote enn ein av dei andre spelarane. Jack hadde 61-59, medan den andre spelaren hadde 60-59! I sluttspelet imponerte Jack med å spela heilt jamnt mot Adrian Evensen Wetzel frå B-72, som seinare slo ut landslagsspelar Aleksander Hoel. Jack tapte til slutt 3-2 i ein kamp som etter kvart tiltrekte seg merksemda til svært mange på den fullsette tribunen! Jack kom elles sterkt tilbake etter å ha avverga tre matchballar i fjerde sett, men måtte altså seg slått i femte sett.
Hardanger BTK sine fem deltakarar markerte seg altså godt under NM for yngre og Stiga 11ern , som til saman samla rekordhøge 298 deltakarar! Alle våre spelarar presterte sesongbeste i løpet av helga, og då kan me vel slå fast at me traff med formkurva! Framleis tapar me litt mange femsettarar, men samstundes vinn me òg mange jamne kampar. Me kan vera svært godt nøgde med både spel, innsats og resultat! Det er lenge sidan me har gjort det så godt i nasjonale turneringar!
I tillegg til spelarane var Håvard Markhus og Terje Aksnes-Øystese med som sjåførar og lagleiarar. Dessutan fekk me god lagleiarhjelp frå Stord BTK, i byte med eit grovbrød og fire pakkar med halspastiller!
Me tok bil over fjellet, og sjølv om korkje vèrgudar eller Statens Vegvesen var like samarbeidsvillige heile tida, kom me oss trygt både fram og tilbake.. Terje og jentene budde privat, medan resten av oss budde på hytte saman med Bergensbordtennisen sitt svar på Knoll og Tott; Gunnar og Sverre frå Bergen HIL.
Neste turnering er Bergen HIL Open, som vert arrangert i Bergen førstkomande laurdag.