
Hardanger BTK stilte med heile fire lag i seriespelet sesongen 2022-2023. Førstelaget enda sist i eliteserien, andrelaget vann 4. divisjon og dei to 5. divisjonslaga vart nummer to og fire. Her kjem ei oppsummering av sesongen.
Les meirHardanger BTK stilte med heile fire lag i seriespelet sesongen 2022-2023. Førstelaget enda sist i eliteserien, andrelaget vann 4. divisjon og dei to 5. divisjonslaga vart nummer to og fire. Her kjem ei oppsummering av sesongen.
Les meirNM-statistikk for Hardanger BTK finn du under «NM-statistikk» i menyen øvst på sida. Statistikken er no oppdatert slik at alle medaljar og plasseringar til og med sesongen 2022-2023 er med. No har me også teke Stiga 11-ern med i oversikta, men her er berre plasseringar frå sesongane 2020-2021 til 2022-2023 med førebels.
I statistikken finn du oversikt over alle NM-medaljar som medlemer av klubben har teke. I tillegg er ein del femteplassar med i statistikken. Medaljar og plasseringar frå tida då klubben heitte Norheimsund Bordtennis er også med.
Under Statistikk A-lag i menyen øvst på sida finn du ei oversikt over alle som har spela A-lagskampar for Hardanger Bordtennisklubb sidan oppstarten. Det vil seia at kampane som vart spela medan klubben heitte Norheimsund Bordtennis også er med.
Statistikken er no oppdatert slik at alle kampar til og med sesongen 2022-2023 er med.
Styreleiar Håvard Markhus toppar med 201 A-lagskampar, medan nestleiar Jack Feng er på andreplass med 124 A-lagskampar.
Eit einstemmig heradsstyre i Kvam herad vedtok sist veke å støtta prosjektet «Bordtennis for alle – 24/7!» med 140 000,- i år! I tillegg vedtok heradsstyret å støtta prosjektet med 100 000,- både i 2024 og 2025. Samstundes har me motteke 40 000,- frå heradet i driftstilskot til Hardanger Bordtennishall i år.
For eit par veker sidan var me nesten heilt sikre på at me måtte avvikla drifta i Hardanger Bordtennishall i sommar. Vedtaket i heradsstyret gjer at me etter alt å døma vil kunna fortsetja i hallen i minst ein sesong til. Me har ikkje signert noko ny leigekontrakt, men er samde med utleigar om at me skal få til ein ny avtale.
Det har blitt jobba godt både i klubben og blant politikarane for å få støtta på plass. Me takkar politikarane for mange gode ord om klubben vår i heradsstyret, og for at dei samrøystes truleg sikra vidare drift i Hardanger Bordtennishall!
Vedtaka i heradsstyret – og den lange prosessen fram til dei – var hovudoppslag i Hordaland Folkeblad fredag, så dei som har tilgang til avisa kan lesa meir der.
Hardanger BTK har no teke sommarferie.
Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 på torsdagar fortset gjennom sommaren. Alle er velkomne!
Dei andre faste tidene utgår i ferien, men ein del av oss vil møtast for å spela også til andre tider. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det vert folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.
Me minner elles om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese.
Info om når dei faste treningane startar opp att kjem når dette er klart. Elles så vil det dukka opp diverse nyhende både på hbtk.no, på den opne facebooksida og i den interne facebookgruppa i løpet av sommaren.
Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god sommar!!
I veke 25 vert det open hall for vaksne og ungdomar tysdag og onsdag kl. 19.00-20.30. Torsdag vert det open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30.
Det vert også mogleg å spela vidare i sommar, men det kjem det info om seinare.
Håvard Markhus representerte Hardanger BTK under årets regionsting, som vart avvikla i Bergen sundag. Jack Feng hadde takka nei til attval. Han gjekk dermed ut av styret i Region Vest etter seks år – det siste som varamedlem. Odd Monsen fortset som leiar. Anders Hovden, som er rekneskapsførar i Hardanger BTK, fortset som nestleiar.
Me ynskjer styret lukke til med arbeidet i regionen!
Hardanger BTK si sommaravslutning sundag vart svært vellukka! Vel tjue personar og ein hund var til stades ved hallen i det flotte sommarvèret. Dei frammøtte kosa seg med grillmaten – som bestod av hotdog, hamburger og salat. Nokre slo også nokre slag bordtennis inne i hallen. Det var god stemning, og dei frammøte var svært nøgde med arrangementet!
NB. Sjølv om det var sommaravslutning sundag, vert det treningar til vanlege tider tysdag, onsdag og torsdag denne veka. Det vert også mogleg å spela vidare i sommar, men det kjem det info om seinare.
Les meirSundag 11. juni vert det sommaravslutning for alle som vil ved Hardanger Bordtennishall kl. 17.00. Arrangementet har vore annonsert i den interne facebookgruppa, og om lag tjue personar har meldt seg på. Dersom fleire ynskjer å vera med kan dei gje beskjed til Jeannette Huttenlocher (s-hutte@online.no, 95940233) i løpet av laurdagen.
Det vert grilling, og klubben kjøper inn grillmat (hamburger, pølser, pølsebrød, salat) og brus.
Dersom nokon kan ta med ein grill er det fint om dei gjev beskjed til Jeannette. Gje også beskjed om eventuelle allergiar.
Vaksne betalar 100,- og dei under 18 år 50,-. Betaling vert via Vipps, og de får beskjed om Vippsnummer ved oppmøte.
Det er fint om alle kan ta med bestikk, fat og kopp sjølv.
NB. Sjølv om det er sommaravslutning sundag, vert det treningar til vanlege tider tysdag, onsdag og torsdag i neste veke.
Hardanger BTK har i helga gjennomført ein svært vellukka klubbtur til NM for yngre og Stiga 11-ern i Oslo! Me stilte med heile elleve deltakarar under arrangementa, som vart gjennomført i Nordstrand Arena fredag til sundag. Me må minst tjue år tilbake i tid for å finna sist gong me hadde så mange spelarar med i dette arrangementet! I tillegg stilte me med lagleiarar, foreldre og andre familiemedlemer – truleg fleire enn nokon gong før!
Les meir