Vellukka samling!

Deltakarane på samlinga

Sundag arrangerte Hardanger BTK ei samling for spelarar frå Strand-Ulv IL BTG og dei nye klubbane Hausvik IL BTG og Harding IL BTG. I tillegg deltok nokre trenarar og spelarar frå vår klubb. Totalt deltok atten spelarar og to trenarar.

Me starta dagen med å fortelja litt om bordtennis og visa litt teknikk og ulike øvelsar. Deretter var alle med på ein runde med rundbord. Etter det gjennomførte me ei singelturnering med puljespel samt A- og B-sluttspel. Mousa Alsaid frå Harding IL BTG gjekk til topps etter å ha slått Aodne Valland frå Hardanger BTK i finalen. Sandar Lyssand (Hardanger BTK) og Torbjørn Hustoft (Hardanger BTK/Harding IL BTG) vart nummer tre. Sistnemnde er primus motor i Harding IL BTG, men er formelt sett framleis Hardanger BTK-spelar.

Deretter var det klart for ei dobbelturnering. Her gjekk Sandar og Torbjørn til topps etter å ha slått Aodne og makker Jacob Kramer Flagtvedt (Strand-Ulv IL BTG) i finalen. Tredjeplassane gjekk til Simon Nepstad/Nikolai Jakobsen (Strand-Ulv IL BTG) og Mousa Alsaid/Christer Ekornrød (Harding IL BTG).

Dagen vart avslutta med utdeling av sjokoladar til dei beste i klassane. Arrangørane fekk svært gode tilbakemelding frå klubbane. Mange gav uttrykk for at dei ville koma tilbake til Norheimsund som deltakarar i Norheimsund Open 11. februar!

Me takkar spelarane for ein kjekk dag i hallen og ynskjer dei lukke til vidare og velkomen igjen!

Mousa (til venstre) slo Aodne i finalen i singel
Finalistane i dobbel: Sandar (til venstre), Torbjørn, Aodne og Jacob
Frå dobbelturneringa
Mange ville testa bordtennisroboten!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.