KM og RM for veteranar 2022

Onsdag 28. desember arrangerer Stord BTK og BTK-90 årets kretsmeisterskap og regionsmeisterskap for veteranar i Stord Bordtennishall. I dette stemnet er det mogleg å delta i fleire klassar, og det kostar 100 kroner å delta i kvar klasse. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 21. desember.

NB: Ein må ha betalt lisens til NBTF for å kunna delta.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på KM og RM for veteranar 2022

Sandar og Erik til topps i KM!

Frå venstre: Kristoffer, Tormod, Sandar, Liam og Felix deltok i KM

Hardanger BTK stilte med sju spelarar i årets kretsmeisterskap, som vart arrangert i gamlehallen i Stord idrettspark laurdag. Våre deltakarar oppnådde fleire flotte resultat!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Sandar og Erik til topps i KM!

Støtt Hardanger Bordtennisklubb gjennom grasrotandelen!

Hardanger BTK oppmodar alle om å støtta oss gjennom grasrotandelen. Dersom du registrerer Hardanger Bordtennisklubb på spelekortet ditt hjå Norsk Tipping, mottek klubben inntil 7 % av summen du tippar for – utan at det går utover din innsats, premie eller vinnarsjanse!

Du kan registrera deg hjå ein kommisjonær eller her. Linken finn du også alltid i menyen til høgre på denne sida.

Hardanger BTK har hatt gode inntekter på grasrotandelen, og håpar på å ha dette også i framtida!

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Støtt Hardanger Bordtennisklubb gjennom grasrotandelen!

Julegåvetips – Supporter.no og MX Sport

Supporter.no

Hardanger BTK har nettbutikk hjå Supporter.no. Det betyr at alle som vil enkelt kan bestilla til dømes ryggsekk, paraply, mobildeksel og diverse klede med klubblogo på supporter.no/HBTK. Klubben får delar av overskotet av det som vert handla.

MX Sport Øystese gjev HBTK-medlemer rabatt

MX Sport Øystese gjev alle medlemmer i Hardanger Bordtennisklubb 20% rabatt på alt til trening (sko og klede) og 15% rabatt på alle andre varer! Det er ikkje laga noko kort eller bevis. Du treng berre seia at du er medlem i klubben.

NB. Under Klubbutstyr i menyen øvst på sida finn du også info om drakter, t-skjorter, racketar og anna utstyr.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Julegåvetips – Supporter.no og MX Sport

Julegristurnering og juleavslutning

Tysdag 20. desember arrangerer Hardanger BTK vår tradisjonsrike julegristurnering. Borna si turnering vert kl. 18-19, medan vaksne og ungdomar si turnering vert kl. 19-20.30. Det er gratis å delta, og alle vert premierte med sjokoladar og marsipan i ulike storleikar. Ein melder seg på ved oppmøte. NB. Dersom mange møter opp kan det vera at turneringa for vaksne og ungdomar vert ei dobbelturnering.

Onsdag 21. desember vert det juleavslutning for alle frå og med 8. klasse på kinarestauranten i Norheimsund kl.19-20. Det vert buffet, og prisen vert kr 220 inkludert brus. Alle betalar for seg sjølve i restauranten.

Dersom du ynskjer å vera med på kinarestauranten melder du deg på til Bente Maubach (sms: 95004190, bente.maubach@dukamail.no) seinast 17. desember.

For at alle våre medlemer skal kunna vera med, håpar me alle kan unngå bruk av alle typar parfymerte produkt under arrangementa.

Etter dette tek klubben juleferie, noko som betyr at det vil verta pause i dei vanlege treningane. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. Info om dette kjem seinare.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Julegristurnering og juleavslutning

Ny siger i 4. divisjon

Frå venstre: Lars Åge, Kestutis og Håvard

Hardanger BTK 2 spela måndag sesongens tredje kamp i 4. divisjon. Fjell 2 var motstandar i Hardanger Bordtennishall, og me vann 9-1! HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og Lars Åge Berge. Sistnemnde spela sin første seriekamp på ganske nøyaktig sju år. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (3) , Lars Åge (2) og dobbelparet Kestutis/Håvard.

Hardanger BTK 2 ligg framleis på andreplass på tabellen. Bergen PIL 2 leiar, men har spela to kampar meir enn oss. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB. Dette er ikkje oppdatert etter gårsdagens kamp.

Neste kamp er truleg ein heimekamp mot Fjell 3. Tidspunkt er ikkje bestemt.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Ny siger i 4. divisjon

HBTK 4 vann internkamp

Frå venstre: Aodne, Lars Henrik, Dovydas, Jannik, Sandar og Gustav

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon møttest sundag til kamp i Hardanger Bordtennishall. HBTK 4 vann 6-4.

HBTK 3 stilte med Sandar Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal og Jannik Huttenlocher. Sigrane kom ved Jannik (2), Sandar og Gustav. I tillegg tapte Sandar med knappast mogleg margin – 3-2 i sett og 13-11 i avgjerande – i ein kamp. Laget var med andre ord svært nære uavgjort.

HBTK 4 stilte med Dovydas Drungilas, Lars Henrik Mo og spelande lagleiar Aodne Valland. Sigrane kom ved Lars Henrik (2), Aodne (3) og dobbelparet Lars Henrik/Aodne.

HBTK 4 ligg på andreplass på tabellen etter sundagens kamp, medan HBTK 3 ligg på tredjeplass. Fire lag er med i avdelinga, og laga skal møtast fire gonger. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB. Dette er ikkje oppdatert etter gårsdagens kamp.

Dei neste kampane vert spela laurdag 21. januar. Då møter begge laga Bergen PIL 3 og Heros 4 på heimebane i Hardanger Bordtennishall.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på HBTK 4 vann internkamp

Siger i 4. divisjon

Frå venstre: Håvard, Kestutis og Lars Henrik

Hardanger BTK 2 spela laurdag sesongens andre kamp i 4. divisjon. Bergen PIL 2 var motstandar i Hardanger Bordtennishall, og me vann 7-3! HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (3) og dobbelparet Kestutis/Lars Henrik.

Hardanger BTK 2 klatra til andreplass på tabellen. Bergen PIL 2 leiar, men har spela tre kampar meir enn oss. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Neste kamp er ein heimekamp mot Fjell 2 førstkomande måndag kl. 19.00.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Siger i 4. divisjon

Vellukka klubbmeisterskap!

Deltakarane i dobbelklassen

Hardanger BTK arrangerte denne veka årets klubbmeisterskap i Hardanger Bordtennishall. Jan Roger Andersson, Jeannette Huttenlocher, Aodne Valland, Dovydas Drungilas, Felix van der Leest og David Oma-Sletten vart årets klubbmeistrar!

Les meir
Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Vellukka klubbmeisterskap!

Fleire seriekampar på heimebane

Medlemer og andre som ynskjer å sjå bordtennis på akkurat passeleg høgt nivå har gode dagar i vente. Laurdag, sundag og måndag er det heimekampar i Hardanger Bordtennishall i 4. og 5. divisjon.

Laurdag 10. desember vert det kamp mellom Hardanger BTK 2 og Bergen PIL 2 i 4. divisjon. Kampen startar kl. 11.00

Sundag 11. desember møtest dei to laga våre i 5. divisjon til kamp. Kampen startar kl. 17.30.

Denne kampen kjem til å gå inn i tida der me har open hall. Det vil likevel vera plass til andre som vil spela. Det vert difor open hall som vanleg kl. 18.30.

Måndag 12. desember vert det kamp mellom Hardanger BTK 2 og Fjell 2 i 4. divisjon. Kampen startar kl. 18.00.

Vel møtt til alle som vil koma for å sjå på kampane! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.

Lagt inn i Ymse | Kommentarar avslått på Fleire seriekampar på heimebane